10 år sidan opninga

Artikkelen er over 14 år gammel

Nordhordlandsbrua er navlestrengen som bind Nordhordland saman med Bergen, og som kvar dag fraktar tusener av menneske og kjøretøy fram og tilbake over fjorden. I dag er det ti år sidan kongen klypte snora og ferja takka for seg.

DEL

Folk gjekk mann av huse for å få med seg denne storhendinga for Nordhordlands-regionen. Fredag 22. sseptember 1994 var det eit heilt folkehav rundt bombuene på Flatøy; bymann og stril, små og store, og eit presseoppbod som var mykje større enn det som er vanleg når det skjer noko i denne delen av landet. Mykje fintfolk var samla som seg hør og bør med vegsjef Josef Martinsen og vegdirektør Olav Søfteland i spissen – og så kongen, då. Ja, for det var ingen ringare enn Hans Majestet Kong Harald V som opna dette gigantprosjektet, presis klokka 12.07.

VEGFOLKET: Vegsjef Josef Martinsen kan konstatera at ”Josefs harpe” endeleg kan takast i bruk, her i lag med vegdirektør Olav Martinsen.

SISTEREIS: MS ”Alversund” fekk æra av å frakta dei aller siste passasjerane over Salhusfjorden i ferje. Ein litt vemodig dag for Jarle Litlekalsøy (t.v), kaptein Egil Larsen og Egil Christianslund som her får blomster frå nh sin utsendte på siste ferjeturen.

Kongen tok i sin tale utgangspunkt i at Flatøy har svært lange tradisjonar som knutepunkt for trafikken i regionen.

– I dag er Flatøy på nytt eit knutepunkt, og spor av gamle buplassar ligg side om side med nye vegar og vår tids krav om fart og effektivitet, sa Kong Harald. Han kom også inn på diskusjonane om kostnadane og om namnestriden som har pågått med stort engasjement.

– Dersom vi skulle ha høyrt på alt massemedia har skrive, skulle nordhordlendingen i dag ha vore kledd i sekk og strie, med fjeset langt ned i sengehalmen. I staden er det møtt fram tusenvis av festkledde menneske som gler seg over at brua vert opna av sjølvaste Kong Harald, sa fylkesmann Håkon Randal før kongen foretok den offisielle opninga av Nordhordlandsbrua.

Artikkeltags