Gå til sidens hovedinnhold

Protest mot nedlegging av Post i Butikk på Frekhaug

- Vi forlangar fullverdig Post i Butikk på Frekhaug, skriv Solbjørg Åmdal Sandvik.

Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Då postkontor over heile landet vart lagt ned for 20 år sidan, var eg ordførar i Meland kommune. Eg hadde då mange samtalar med Posten sin sjef her i regionen, som beroliga oss med at Posten skulle syta for at me fekk eit godt tilbod gjennom Post i Butikk- ordninga. Og det vart funne ei god løysing for både Rossland, til butikken der vart lagt ned og Frekhaug

Sidan lenge før krigen har Posten på Frekhaug vore knytt til Hagenfamilien, som har sytt for ein fantastisk service, utvida lokalitetane og oppdatert post-kunnskapane i takt med utviklinga.

I dag, 15. juni, får vi eit informasjonsskriv frå Posten og Bring til alle med postnr 5917,5918,5919 og 5906 – altså meir enn 8000 innbyggjarar. Der blir det opplyst at frå 29. juni vil Rema 1000 Frekhaug vera ny utleveringsstad for pakkar og sendingar som ikkje får plass i postkassa. Postboksane vert også flytta. Adresselappar kjøpt på posten.no og førehandsbetalt adresselapp kan også leverast inn.

Meny Knarvik vil inntil vidare vera vår nye Post i Butikk.

DETTE ER HEILT UAKSEPTABELT!

Skal vi senda eit brev eller pakke, og lurer på portotaksten, må vi altså reisa til Knarvik for veging/frimerkekjøp osv. Dei som kjem lenger utifrå på øya, må altså først ta buss til Frekhaug eller Flatøy, for så å bytta til ny buss. Viss ein køyrer sjølv, er det minst 1 mil tur/retur, for enkelte opptil 6 mil, og for alle vert det både bompengar og auka trafikk med påfølgjande miljøutfordringar.

Kva er det Posten er til for, er ikkje post eit av dei grunnleggjande tenestetilboda i eit kvart samfunn? Skal det skiftast «leverandør», må vi kunna forventa – og forlanga- at den nye skal levera like godt servicetilbod som den gamle! (Ein må også lura på kvifor Rema 1000 Frekhaug vil gi innbyggjarane i tidlegare Meland eit så dårleg tilbod som det vi no får. Det er skuffande.)

VI FORLANGAR FULLVERDIG POST I BUTIKK PÅ FREKHAUG!

TAKK til Kiwi Frekhaug for flott postservice gjennom alle år!

Kommentarer til denne saken