Kommentar Dette er ein kommentar, skrive av ein redaksjonell medarbeidar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Det skjedde igjen. Då regjeringa la fram statsbudsjettet, var signalet klart: Dei legg opp til å halda solid fart på planlegging og realisering av Hordfast, medan dei legg opp til ein pause i planlegginga av E16 og Vossebanen.
Nordhordlandstunnelen høyrde me ingenting om. Me tok oss sjølve i å ikkje verta overraska ein gong. Det er ei skam.
Ein kan undra seg grøn over prioriteringane innanfor samferdslefeltet. På greip heng dei ikkje. At vekslande regjeringar ikkje berre gjev full gass på å få trygg veg og bane mellom Bergen og Voss, er det nærmaste ein kan komma politisk sjølvskading her i vest.
Prosjektet er eit folkekrav.
Nordhordlandstunnelen hastar, som eg tidlegare har vore inne på, òg langt meir enn Hordfast. Det er berre å minna om at det dagleg køyrer ti gongar så mange forbi lyskryssa og fotgjengarovergangane mellom Eikåstunnelen og Hylkje, som på ferja mellom Halhjem og Sandvikvåg.
Målt mot trafikkmengde er vegen den mest håplause europavegstrekninga i landet. Det hastar!
Hadde politikarane vore populistiske og snudd kappa etter vinden og folkeviljen, hadde dei etter alt å dømma prioritert annleis. Det gjer dei ikkje.
Grunnen er at nokon har gjort ein systematisk, tverrpolitisk og solid jobb for å til ei kvar tid halda seg der beslutningane vert tatt. Protestera kvar gong nokon er kritiske. Sloss med nebb og klør for prosjektet sitt.
Det er lite omtalt, men i gamle Hordaland, som framleis er valkrinsen ved Stortingsval, finst det ei politisk tyngdelov. I dei fleste partia vinn ein nominasjonskampen om Bergen og Sunnhordland allierer seg. Konsekvensen er at Sunnhordland alltid har kandidatar på fast plass både på Arbeidarpartiet og Høgre si valliste.
Posisjoneringa stoppar ikkje der. Når valresultatet er klart, handlar det om å hamna der avgjerdene vert tatt.
Med unnatak av ein periode sidan 2005, har Sunnhordland vore representerte i den mektige transportkomiteen på Stortinget. Først ved Øyvind Halleraker (H) fram til 2009. I neste periode sat Knut Arild Hareide (KrF), Magne Rommetveit (Ap) og nemnde Halleraker i komiteen. I den påfølgjande perioden frå 2013 var Magne Rommetveit framleis på vakt for Sunnhordland. I dag er det svigerinna til Halleraker, Liv Kari Eskeland, som representerer Sunnhordland i komiteen.
I den einaste perioden utan representasjon frå Sunnhordland i komiteen, frå 2017 til 2021, var Knut Arild Hareide samferdsleminister i delar av perioden. Også i dag er Sunnhordland representert i departementet. Tidlegare varaordførar på Stord, Jakob Bjelland (Sp), er statsekretær.
I tillegg vert det jobba på fulltid for å driva lobbyverksemd for Hordfast. Om ein avisredaktør skriv eit kritisk ord om Hordfast, er den tidlegare stortingsmannen Øyvind Halleraker betalt for å vera rask med å svara.
Hordfast har òg mektige venner. I ei tid der ein kanskje skulle tru at Bergen næringsråd hadde andre samferdsleprosjekt å sloss for, vert det arrangert ein stor konferanse på Flesland 10. november. Temaet er ikkje rassikring for veg og bane mellom Bergen og Voss. Det er heller ikkje støy, trafikkulukker og venting på grønt lys mellom Vågsbotn og Nordhordlandsbrua. Nei, det er korleis Vestlandet vil sjå ut når Hordfast er realisert.
Berre for å gjera det heilt klart: Ingenting av dette er mistenkjeleg eller kritikkverdig. Det er så enkelt, at det handlar om å posisjonera seg for å få politisk gjennomslag. Sunnhordland har vore eminente på dette feltet. Alle frå regionen som har sete i komiteen har visst kva som har vore deira mandat: Å syta for at ingen skal kødda med brua over Bjørnafjorden.
Til samanlikning: På Stortinget sitt det ingen frå Nordhordland. Ikkje i regjeringskontora heller. I ein periode sat rett nok Torill Eidsheim i transportkomiteen, men også ho var programforplikta til å jobba for Hordfast.
Det er heller ingen som til dagleg får betalt for å plaga politikarar og byråkratar med det pinlege faktumet at Nordhordlandstunnelen aldri har vorte prioritert. E16 og Vossebanen slit med det same, sjølv om den allmenne oppfatninga er at prosjektet er det aller viktigaste her vest.
Nordhordland har rett og slett noko å læra av Sunnhordland. Skal ein få gjennomslag må ein bygga alliansar. Skal ein få gjennomslag må ein, anten ein likar det eller ikkje, bruka ressursar på lobbyverksemd.
Om jobben ikkje allereie er i gang: Jobben for å få ein representant frå Åsane eller Nordhordland inn i transportkomiteen på Stortinget bør starta i morgon. Argumenta, folkeviljen, tala og statistikken er på lag med prosjekta, men så lenge ingen sloss kvar einaste dag, kjem ein til å komma til kort, òg i framtida.