På onsdag fekk eg sjå ein Snap av at kommunen hadde heist regnbogeflagget på kommunehuset si flaggstong.

Eg fekk ei flau kjensle. Ikkje fordi eg er mot bruk av flagget. Eg er tvert imot svært stolt av flagget. Eg får ei flau kjensle fordi eg ikkje har sett planar eller noko som underbygger det at kommunen heiser regnbogeflagget, i kommunen sin praksis.

Regnbogeflagget symboliserer fellesskap og fridom til sjølv å definere identiteten sin, kjærleik og seksualitet. Regnbogeflagget er snart 40 år, og har blitt eit verdskjent symbol for rettigheitene og frigjeringskampen for LHBTIQ-personar.

LHBTIQ er ei forkorting for lesbiske, homofile, bifile, transpersonar, personar med variasjon i kroppsleg kjønnsutvikling/interkjønnpersonar og queerpersonar/skeive. LHBTIQ-omgrepet famnar både beteikningar knytt til seksuell orientering (lhbq), kjønnsidentitet (t) og kjønnskarakteristika (i).

Eg håper at kommunen verkeleg kan synleggjere at dei meiner noko med å heise regnbogeflagget.

At dette blir synleggjort i kommunens sine planar og praksis på alle nivå og i alle etatar. At kommunen arbeider, på eit overordna nivå, for toleranse, for tryggleik til barn, ungdom og vaksne.

At alle må ha rett til å leve livet sitt på sin måte utan frykt for ekskludering og diskriminering grunna for lite kunnskap. Det er ikkje lett og ofte umogeleg for den som kjenner seg annleis, å drive kamp for eigne rettar aleine i eit lite samfunn som til dømes Masfjorden der ulikskap fort blir synleg for alle.

Kommunen bør jobbe for at alle tilsette får Informasjon. Med alle tenkjer eg spesielt på dei som arbeider innan helse og oppvekst; barnehagar, skular, ppt, bup, sjukeheim, idrett.

Det å støtte Pride handlar etter mi meining ikkje om å heise flagget, men å stille seg spørsmålet kva som må til for at vår kommune skal bli opplevd som ein trygg og inkluderande stad å bu for alle, også dei som kjenner tilhøyrsle i LHBTIQ+.

Når kommunen har jobba med å sette seg inn i kva Pride i bunn og grunn handlar om. Kva ekskluderinga og diskrimineringa handlar om i praksis. Kva mangel på kunnskap kan føre til. Når vi på alle nivå og i alle etatar er tydeleg på kva vi bør ta omsyn til og legge til rette for. Når Pride er tydeleg i kommunen sine planar og praksis. Først då, kan vi stolt heise prideflagget, tenkjer eg.

Mogeleg eg har for store forhåpningar. Det vil tida vise. Ein start kan jo vere at dei som heiste prideflagget kan fortelje bakgrunnen for at flagget vart heist. Lykke til!

Under kan du lese svaret frå ordførar Karstein Totland:

Les også

Kjærleik er kjærleik

Les også

Tone Gunn (39) forelska seg i ei dame etter ti års heterofilt ekteskap