Gå til sidens hovedinnhold

Pressekonferanse om nye koronatiltak

Søndag klokka 12.30 er det pressekonferanse om nye koronatiltak.

Ifølge VG anbefaler Helsedirektoratet sterkare tiltak i Bergen og tolv andre kommunar.

Helsedirektoratet meiner ifølge avisa, at grad av alvor og hast er stor, samstundes som det er behov for ei samla koordinering.

– Det vurderast naudsynt å sikre tid til å etablere eit meir heilskapleg bilde av situasjonen. Inntil dette er etablert, vurderast risikobildet som så alvorleg at omfattande tiltak sjåast forholdsmessige, skriv dei, ifølge VG.

Dei anbefaler forsterka smitteverntiltak og særleg høgt tiltaksnivå i følgande utbrotskommunar:

  • Bergen
  • Kvam
  • Ulvik

Det anbefalast forsterka smitteverntiltak og særleg høgt tiltaksnivå for følgande omkringliggande kommunar:

  • Alver
  • Askøy
  • Bjørnafjorden
  • Osterøy
  • Samnanger
  • Vaksdal
  • Voss
  • Øygarden
  • Eidfjord
  • Ullensvang

VG skriv at Helsedirektoratet anbefaler at tiltaka i første omgang gjeld for ei veke, fram til søndag 14. februar.

Kommentarer til denne saken