BA: Søndag ettermiddag vart Heddaprisen delt ut ved Det Norske Teatret i Oslo.

Mellom vinnarane var skodespelar Preben Hodneland frå Lindås. Han vart tildelt prisen for «Beste mannlege skodespelar/medspelar» for rolla som Eit eg/Eit anna eg i «Tid for glede» på Det Norske Teatret. Stykket handlar om relasjonar og korleis me oppfattar omgjevnadane våre.

– Dette hadde eg berre ikkje trudd, men tusen takk. Eg er utruleg takksam, sa ein overraska Preben Hodneland under utdelinga.

I vinnargrunngjevinga skreiv Heddajuryen at «Det hele er lekende, elegant, tidvis rart, trist og melankolsk. Men først og fremst barokt, artikulert og sjarmerende forførerisk».

Hodneland har fått prisen to gongar før for beste mannlege hovudrolle, sist i 2020 for hovudrolla i stykket Raskolnikov.