Til liks med Brann- og bergingsetaten og Røde kors, er politiet til stades under det store arrangementet.

– Det var eigentleg ikkje vår tur, men me måtte steppa inn for eit par av dei som skulle springa på stafettlaget vårt, fortel Glen Våge.

Politiet stilte med eit råsterkt femmannslag på Volvat-stafetten, og det enda med siger. I år som i fjor.

– Det er ikkje det at me ikkje er i stand til å springa. Eg er temmeleg overtydd om at me to hadde gjort ein svært god figur, smiler Kurt Inge Hordvik.

– Men me «stilte plassen til disposisjon», for å seia det slik. Og sånn sett er det no heilt greitt. Det er viktig å la unggutane få skina litt….