Nyleg er kunne politiet og organisasjonen Avogtil, som jobbar med bevisstgjering rundt alkoholbruk, melde om at talet på personar som er meldt for køyring i ruspåverka tilstand fram til november i år er 10 833. Noko som er nær 2000 fleire enn i tilsvarande periode i fjor.
Då NH ringer politiet, fortel politistasjonssjef Kjell Idar Vangberg at dei i Nordhordland ikkje har statistikk på om same trend gjeld her, men han er likevel klar på at dei er urolege for mengda ruskøyring i regionen.
– Det gjeld både alkohol, piller som folk har fått av legen og ulovlege rusmiddel, seier han.
– Rundt juletider ser vi ofte ein auke av køyring i alkoholpåverka tilstand. Det har med å gjere at det er fleire som drikk alkohol no enn elles. Eg vil oppfordre alle om å la bilen stå når dei har drukke. Få nokon til å køyre deg heim eller ta drosje, oppfordrar Vangberg.
Han ber også nordhordlendingar om å ta litt ekstra vare på kvarandre i julehøgtida.
– Ta kontakt og vis omsorg for dei du veit er einsame! Mange har mista nokon og har opplevd trasige ting det siste året, då kan jula bli ekstra tung. Ta vare på kvarandre, oppfordrar politistasjonssjefen.