Nytt politisk parti i Meland satsar på direkte demokrati

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

– Vi er den første lista så langt eg kjenner til som nyttar oss av direkte demokrati.

DEL

Det seier Morten Klementsen frå Bygdelista Folkeviljen i Meland.

Mandag leverte dei inn lista til kommuneadministrasjonen.

– Dette er ein historisk dag, seier Klementsen, som har førsteplassen på lista og stiller som ordførarkandidat.

Tanken bak direkte demok-rati er at dei vil legga ut alle opne politiske saker til avstemming på ei nettside. Der kan alle registrerte sympatisørar stemma over sakene. Resultatet avstemminga gir vil vera bindande for representantane i kommunestyret.

Folket sitt talerøyr

– Den som eventuelt vert vald inn skal vera folket sitt talerøyr. Om vi personleg har motsett meining i ei sak, bøyer vi oss for våre medlemmar, slik synest vi demokratiet skal virka, seier Klementsen.

LES OGSÅ: 200 ekstra bompengemillionar gjev pakke-ja i Meland

– Enkelte politikarar vil gjerne le av dette, men folket vil ikkje le. Vi vil ha nedfelt i våre statuttar at ein vil bli ekskludert om ein stemmer mot folkeviljen, seier han.

Klementsen reknar med det vil komma kritikk frå etablerte politikarar, men har tru på god gehør for lista dei har lagt fram.

– Kanskje dette vil bli framtidas demokratimodell.

– Vi vil få vekk tankegangen til mange som tenkjer at dei ikkje gidd å stemma ved valet fordi politikarane gjer som dei vil likevel, seier Otto Helge Tveit, som har femteplassen på bygdelista.

– Noko av det som er mest spennande, og som gjorde at eg vart med, er alle støtteerklæringane vi har fått. Det blir interessant å sjå om folk vil stemma som dei har gjort før, eller om dei meiner noko med at dei vil ha endringar, seier Tveit.

Lista har lagt fram ein del hjartesaker som dei vil jobba for, ikkje uventa er kampen mot bompengar nummer ein.

LES OGSÅ: Meir til Meland

– Vi vil og jobba for ei folke-røysting om kommunesaman-slåing. Etter vår meining er dette ei ypperleg sak til direkte    demokrati, seier Klementsen. Nei til privatisering i helse- og omsorgssektoren er tredje hjartesak for lista.

– Engasjement

Ordførar Nils Marton Aadland helsar velkommen engasjementet frå bygdelista.

– At folk har eit stort engasjement er positivt. Vi har hatt samarbeidslister tidlegare, med utgangspunkt i tre parti. At vi får ei ny bygdeliste er noko vi ikkje har hatt på mange år, og eit uttrykk for engasjement, seier han.

– Systemet dei har vald er litt spesielt. Normalt går ein til val på eit program. Eg trur veljar-ane har litt større forventningar til at ein veit kva ein går til val på. Samtidig skjønar eg at ei ny liste som nyleg er etablert har ei utfordring i å laga eit program. Det er utruleg mange viktige saker kommunestyret tar stilling til, seier han.

LES OGSÅ: 67 prosent mot bom

Dette er Bygdelista Folkeviljen i Meland:

Morten Klementsen, Dale, Tore Eugen Hansen, Holme, Roald Engeseth, Frekhaug, Monica Borgstein, Rossland, Otto     Helge Tveit, Skjellanger, Ole Harald Johansen, Dalemarka, Helge Rune Aagaard, Hjertås, Geir Helge Nordvik, Rossland, Britt Nina G. Kvamme, Rossland, Morten Kvamme, Rossland, Kurt Magne Solberg, Flatøy, Einar Bergfjord, Rossland, Samuel Dencker, Frekhaug, Sandra Blommedal, Frekhaug, Erlend Nævdal, Frekhaug.

Artikkeltags