Å stemple eit parti som ein «dårleg samarbeidspartnar» i starten av ein valkamp, er eit sterkt og ufint valkamputspel, og skjerpande er det når det er formidla i politisk tåkeprat og med motseiande grunngjeving.

Høgre bryt samarbeidet med SP, Ap og KrF melde NH 11.08, grunna «handteringa av usemjer mellom styringspartia». Strilen siterer ei pressemelding frå Høgre 12.08, der grunngjevinga er «prosessane på korleis vi handterer usemja for å finne løysingar på saker der ein har ulikt politisk utgangspunkt». Politisk usemje altså. Men, «kva usemjer som har oppstått … ønskjer han ikkje å gå nærare inn på», NH 11.08. Ja vel? Det er jo nett det som er viktig for det politiske arbeidet og folks interesser, for eit levande lokaldemokrati!

Dette er både ulogisk og motseiande, og skjuler politiske standpunkt for veljarane. Kva usemje, i kva politiske saker? Det nektar dei veljarane og opposisjonen innblikk i. Udemokratisk tåkelegging rett og slett. Den lokalpolitiske debatten og veljarane er taparane.

I staden er Larsen sitert slik i NH: «.. det ikkje dreier seg om politiske usemjer eller saker». «Det handlar ikkje om kva me har vore ueinige om, men korleis det har vore handtert». Han skyldar på dårleg samarbeid med ordførarpartiet: «Senterpartiet som parti og gruppe». «Dårleg informasjons- og kommunikasjonsflyt gjer eit forpliktande samarbeid vanskeleg», Strilen. KrF og AP seier det same, NH. Men Sp sin versjon kjenner me enno ikkje. Deira gruppeleiar, Jostein Hellestveit «Kjenner seg ikkje att i kritikken», NH.

Les også

Ei varsla skilsmisse – med ein utradisjonell syndebukk

«No kan me finne fleirtal der det er naturleg for oss å finne fleirtal …» Larsen i NH. Det var det altså ikkje med samarbeidspartia? I tre år? Samarbeidspartia har vore splitta og funne ulike fleirtal i nokre få saker i perioden. Er det dette som ligg bak? Kva saker er det som gjer at Høgre ikkje kan stå fritt i siste året av avtalen? Og inn i valkampen?

Larsen seier vidare at dei «ønskjer å bruke tida på korleis vi best skal utvikle den nye kommunen. Kva for moglegheiter har vi, kva for problemstillingar må løysast?» Men dette har alle partia nett lagt ned mykje arbeid i og vedteke i den nye samfunnsplanen for Alver. Vil Høgre også frigjere seg frå politikken dei har vore med og fått fleirtal for til no? Slik brotet er formidla ber det berg av uklare spørsmål til det politiske torget. Og det sår tvil om Høgre sitt truverd som samarbeidsparti.

Politisk tåkeprat skapar uvisse, spekulasjonar og tolkingar, eit særs dårleg grunnlag for både det lokalpolitiske arbeidet og miljøet, og veljarane. Og det tek fokus vekk frå alvorlege politiske utfordringar. Eit særs slett grunnlag å begynne neste års valkamp på.

Les også

Etter 3 år med makta vel de å stikke halen mellom beina