Ja til nytt klubbhus

Nytt klubbhus: Kun tre representantar stemte i mot nytt klubbhus ved Austrheim idrettspark.Alle Foto: Øyvind Bjerkestrand

Nytt klubbhus: Kun tre representantar stemte i mot nytt klubbhus ved Austrheim idrettspark.Alle Foto: Øyvind Bjerkestrand

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Debatten har gått om nytt klubbhus ved Austrheim idrettspark. Onsdag vart saka vedtatt i kommunestyret,

DEL

– Eg hatar å sjå halvferdige prosjekt. Eg vert sint når eg berre ser grunnmuren oppe ved idrettsparken, sa ordførar Per Lerøy i debatten om nytt klubbhus i kommunestyremøtet på Austrheim samfunnshus.

Økonomisk uro

Saka vart onsdag vedteken med 14 mot 3 stemmer. Dei tre imot var Ernst Stellberg, Nils Ove Vassdal og Magnus Kvingedal, alle frå partiet Høgre. Det var økonomien rundt vedtaket som fekk desse til å stemma nei.

– Statistikkar viser at Austrheim kommune har høgare gjeld enn gjennomsnittet. I fjor sa fylkesmannen at kommunen er sårbar for inntektsnedgang og at vi bør dempa investeringsnivået. Eg er uroa for Austrheim sin økonomi, sa Høgres Ernst Stellberg frå talarstolen. I gjeldsspørsmålet møtte han usemje frå ordførar Per Lerøy.

– Det er riktig at vi har høg gjeld, men vi må samanlikna mot inntekt. Vi har gode føresetnader for å handtera høg gjeld. Håvard Rød (kontaktperson for kommunal fornying ved Fylkesmannen i Hordaland) støttar planane våre for gjeldsbetening, blant anna med framtidige verdifulle salsobjekt, sa ordføraren.

Kommunen har allereie seld Årås barnehage som ein del av finansieringa av det nye klubbhuset.

Vaksenopplæring

Ein del av argumentasjonen rundt klubbhuset handla om vaksenopplæring. Til no har læringslokala vore ved Årås barnehage, men salet av bygget, betyr at vaksenopplæringa vert halde i det nye klubbhuset.

– Eit nytt klubbhus gjev mange moglegheiter. Vaksenopp-læringa må ha ein plass å vera. No vert Årås barnehage seld og klasserommet i Austrheim- hallen er vekke. Dei som seier nei til klubbhuset må òg finna andre alternativ til mellom anna vaksenopplæringa, sa Krf-leiar og varaordførar Helge Dyrkolbotn.

Etter planen skal kommunen kunne nytta bygget på dagtid, blant anna som undervisningsrom og Austrheim Idrettslag skal ha tilgang til bygget på kveldstid og i helgane.

Tre store prosjekt

Klubbhuset er eit av tre større prosjekt som vart vedtatt av kommunestyret i 2012. Dei andre prosjekta er Austrheim Kystbarnehage og Ungdommens Hus som begge er ferdig-stilte.

– Eg hugsar vårdagen i 2012 då vi bestemte oss for desse tre prosjekta og no har vi moglegheita til å få alle ferdig i løpet av vår kommunestyreperiode, sa Terje Håland frå Arbeidarpartiet. Også Morten Sognnes frå

Høgre meinte at bygget måtte ferdigstillast slik at ein kan sjå vidare mot nye, viktige prosjekt.

– Vi må gjera ferdig det vi har begynt på slik at vi neste gong kan venda blikket mot prosjekt mellom Utkilen og Mongstad, sa Sognnes. Ordførar Lerøy var einig i utsegna. Barnehagen og skulen på Kaland er blant dei neste større prosjekta kommunen må prioritera.
 

Artikkeltags