KrF vil kjempa mot søndagsopne butikkar, håpar regjeringa snur

GIR BESKJED: – Vi håpar at eit samla kommunestyre gir beskjed til regjeringa om at det ikkje er ønskeleg med søndagsopne butikkar, seier Marit S. Jøssang (KrF). FOTO: Morten Sæle

GIR BESKJED: – Vi håpar at eit samla kommunestyre gir beskjed til regjeringa om at det ikkje er ønskeleg med søndagsopne butikkar, seier Marit S. Jøssang (KrF). FOTO: Morten Sæle

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

– Vi ser ingen grunn til å liberalisera søndagshandel utover det som er høve til i dag.

DEL

Det seier gruppeleiar og ordførarkandidat for Meland KrF, Marit S. Jøssang.

Regjeringa har nyleg sendt ut ei høyring med forslag til endringar i helligdagsloven for å tillate søndagsopne butikkar.

I høyringsbrevet er det lagt fram to ulike forslag, eit som opnar for søndagsopne butikkar over heile landet, og eit som gir kommunane sjølv rett til å bestemma dette.

LES OGSÅ: Meland, Lindås og Radøy startar forhandlingar om ny kommune

– Meland KrF vil sørga for at høyringa om søndagsopne butikkar kjem opp i kommunestyret før høyringsfristen i juni. Me håpar at eit samla kommunestyre gir beskjed til regjeringa om at det ikkje er ønskeleg med søndagsopne butikkar, seier Jøssang.

Ho meiner vi må halda på tradisjonen med stengde butikkar på heilagdagen.

Heilagdag

– Søndagen har vore heilagdag og fridag i hundrevis av år her i landet, og det er ei ordning som er god både for arbeidstakarar, familiane og frivillig sektor, seier ho.

I lova slik den er i dag er det alt opning for søndagsope, med avgrensingar i opningstid og areal.

– Vi ser ingen behov for å liberalisera søndagshandel utover det som det er høve til i dag.

Verken miljøbevegelsen, NHO, LO, kyrkja eller folket ønsker seg den endringa regjeringa legg opp til, meiner Jøssang.

– No håpar eg regjeringa snur og legg forslaget i skuffa.

LES OGSÅ: – Folk må sjølv gjera noko for å få ein endring

– Regjeringa grunngjev forslaget om søndagsopne butikkar svært dårleg. Dei meiner berre at tilbod og etterspurnad eignar seg betre enn dagens lovverk til å regulera butikkane sine opningstider. Men det er jo ikkje eit argument. Det er stor oppslutnad om dagens ordning, så det er ikkje noko problem som må fiksast, seier Jøssang.

KrF meiner det er viktig å skjerma ein dag i veka for kommersiell aktivitet.

Søndagsfri

– På den måten bidreg vi til at flest mogleg arbeidstakarar i varehandelen får høve til fri på søndagar. For mange er dette ein viktig del av kampen for rett til eit familieliv og til å delta i ulike fellesskap.

Meland KrF trur liberalisering av lova vil endra samfunnet.

LES OGSÅ: – Bør realiserast fort

– Regjeringa sitt forslag om søndagsopne butikkar vil føra til ei grunnleggande samfunnsendring som det med god grunn er få som ønsker. Søndagen er ein viktig felles fridag og kviledag, og det er nettopp ved å ha grenser for kommersiell aktivitet at me bidreg til at søndagen framleis blir ein annleisdag for befolkninga, seier Jøssang.

14 prosent vil ha forbod

I ei undersøking InFact Norge har gjort for VG er berre 22 prosent av befolkninga einige i regjeringa sitt forslag til liberalisering. 14 prosent vil ha eit fullt forbod mot søndagshandel.

Regjeringspartia Høyre og Frp står bak framlegget som no er på høyring. KrF er sterke motstandarar av framlegget, medan Venstre ønsker versjonen der kommunane sjølv får bestemma om ein skal opna for søndagshandel.

– Ingen brannfakkel

I Meland har verken Frp eller Høyre førebels tatt stilling til høyringa.

– Vi har ikkje handsama det, det har ikkje vore nokon spesiell grunn til handsama dette, seier Ragnar Bratland (H).

– Eg for min del har ikkje spesielt bruk for søndagsopne butikkar, men eg har heller ikkje behov for å forby det. Dette framlegget er ikkje eit påbod, men å fjerna eit forbod. Dette er ikkje nokon brannfakkel for oss, seier han.

Sigmund Larsen (Frp) seier dei heller ikkje har tatt noko sterke standpunkt til dette foreløpig.

Høyringa kjem opp som eiga sak i kommunestyret i juni.

Artikkeltags