Forslag til ny bussrute i fylkesutvalet – saka vil bli utsett

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Når fylkesutvalet samlast fredag, er ei av sakene som står på kartet, Regionstamlinje mellom Nordhordland og Bergen.

Ei sak som har vekt eit veldig engasjement og som Sp, SV, A og KrF fekk utsett i utval for miljø og samferdsle 14. januar i år.

Saka skulle etter planen vore handsama i fylkesutvalet 29. januar, men dersom dei folkevalde følgjer vanleg praksis, vil saka bli utsett også der.

LES OGSÅ: Reagerer kraftig på forslag til nytt busstilbod

– Det er ikkje vanleg at fylkesutvalet overprøver ei utsetjing, seier Pål Kårbø (KrF) til Avisa Nordhordland.

I vedtaket vert det ytra ønske om at ei brukarundersøking ligg til grunn, og/eller at det vert dialog med pendlarorganisasjonane før framlegging for politisk handsaming. Dette punktet er så langt ikkje gjennomført.

LES OGSÅ: Strila-bussen skal tvingast gjennom Fløyfjellstunnelen

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken