To saker ekstra viktig

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LeiarDet einaste som er klart etter måndagens stortingsval er at Høgre og Frp vann valet og blir sittande i regjering. Statsminister Erna Solberg har ikkje gitt opp draumen om ei fireparti-regjering der også KrF og Venstre blir med. Det verka lite sannsynleg før valet, og er framleis høge odds for, men sentrumspartia sin låge oppslutnad gjer at det no er krefter innad i begge parti som ønsker å gå inn i regjering for å få meir politisk gjennomslag. Blant anna tar vår eigen Pål Kårbø, som er fylkesleiar i KrF, til orde for dette.

I vår region står dei to regjeringspartia svært sterkt. Høgre gjekk fram i seks av åtte kommunar, og Frp heldt nivået trass i fire år med regjeringsmakt. Ofte fører det til slitasje og veljarflukt. Det har Frp klart å unngå, også i Nordhordland. Men skal dei blå-blå halde på denne oppslutninga i Nordhordland meiner vi det er minst to lokale saker regjeringa må levere på i neste fireårsperiode. Begge er saker vi har skrive mykje om.

Den første er E39-strekninga frå Vågsbotn til Nordhordlandsbrua. Trafikken her veks frå år til år, og strekninga blir berre eit større og større problem for pendlarar og fastbuande mellom Nordhordlandsbrua og Åsane. Det seiest at strekninga no skal sjåast i samanheng med ein ny ringveg aust i Bergen etter at Nyborgtunnelen er vraka for godt. Strekninga fekk kun lovnad om pengar til planlegging i regjeringa sin NTP som vart lagt fram før valet. Det er for dårleg, og det er nok regjeringa også klar over sjølve. I Høgre er det mange lokalt som kjempar for at det blir sett i verk strakstiltak, i dagens avis tar trioen Nils Marton Aadland, Kenneth Murberg og Karl Vågstøl til orde for dette. Her er vi heilt på linje. Truleg vil tiltak tvinge seg fram, då trafikken og køanee blir så problematiske at det blir umogleg å vente i årevis på Ringveg Aust, som er eit mykje større prosjekt.

Den andre saka Høgre og Frp i det minste bør avklare i løpet av neste fireårsperiode er ubåtvraket utanfor Fedje. Det siste som er gjort er å lage ei støttefylling, men det er ikkje konkludert med om ubåten skal hevast eller dekkast til. Vi meiner den norske stat må ta seg råd til å heve ubåtvraket med den giftige kvikksølvlasta. Her bør regjeringa vise handlekraft no og ikkje skyve saka foran seg med stadig nye utgreiingar. Skulle regjeringa konkludere med heving, og anten gjennomføre det eller løyve pengane til det, kan dei innkassere ein viktig miljøsiger. Sjølv om stemmene frå Fedje og Nordhordland er få på landsbasis, er dette ei nasjonal miljøsak der den regjeringa som får opp ubåten viser handlekraft og ekte miljøengasjement. Tenk viss Høgre og Frp skulle klare det!

Den norske stat må ta seg råd til å heve ubåtvraket med den giftige kvikksølvlasta.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags