No er fylkespolitikarane samde om kva skular som må leggast ned

Artikkelen er over 2 år gammel

Knarvik vidaregåande kan sleppa kutt.

DEL

Austrheim vidaregåande skule er no berga frå nedlegging, skriv NRK Hordaland.

Dei skriv at posisjonspartia på Fylkestinget, Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet har fått med seg Sosialistisk Venstreparti på eit skuleforlik. Det betyr at Austrheim får leva vidare.

LES OGSÅ: Austrheim-ordføraren ut mot eigne partimedlemmer i skulekampen

– Eg er glad for at me saman med dei andre partia har komme fram til at reisetida for elevane ville vorte for lang om denne skulen hadde vorte lagt ned, seier Alexander Fosse Andersen (Sp).

I førre møte i Utval for helse og opplæring gjekk SV i mot posisjonspartia og gav sin støtte til den såkalla Regnbogealliansen. Då sa Daniel Charles Hextall (SV) dette til avisa Nordhjordland:

– SV valde å stemma for opposisjonen sitt forslag på grunn av den svake formuleringa rundt Austrheim i posisjonens forslag. Me er klinkande klare på at me ikkje kan legge ned Austrheim.

LES OGSÅ: Skulebruksplanen i Hordaland: Merkelege tankar frå Arbeidarpartiet

No har altså SV hoppa tilbake til posisjonspartia, etter at Arbeidarpartiet har jenka seg.

– Me ser at dette er viktige skular for lokalmiljøa, næringslivet og distrikta, seier Emil Gadolin (Ap) til NRK.

Også Knarvik vidaregåande skule slepp kutt i denne runden.

– Knarvik VGs skal ikkje svekkast, men søkjartal og elevtal avgjer, skriv Jon Askeland (SP) på Facebook.

LES OGSÅ: Arbeidarpartiet vil framleis kutta plassar i Knarvik

Artikkeltags