Trafikkuhell i Knarvik – Politiet ber om tips

DEL

Nordhordland lensmannskontor opplyser at det i 11-tida skjedde eit trafikkuhell ved rundkøyringa ned til Hageland, i Knarvik sentrum.

– Ein lettsykkel blei påkøyrt bakfrå, av ein kvit bil.

Dette fortel politibetjent Roland Nyhammer Tvedt.

Førar av bilen skal ha stoppa og sjekka om alt var greitt med føraren av lettsykkelen, men skal så ha reist frå staden.

Politiet ber folk melde frå til lensmannskontoret dersom dei veit noko om hendinga.

Har du tips kan du ringe politiet i Nordhordland direkte på 56 35 56 70 fram til klokka 15.30, eller på 02800 på kveldstid.

Artikkeltags