Redningsaksjon på Radøy – båt på 20 fot gjekk på skjær

DEL

Politiet melder like etter klokka 16 at ein båt med to menn i har gått på skjær, ved Anglesund på Radøy.

– Begge mennene er plukket opp av andre båtar, dei blir frakta til land.

Vest politidistrikt melder igjen like over halv 17, at begge mennene er tilsett av helse, og at dei står fram som uskadd. Ingen av mennene har vore i sjøen.

– Dei hadde fått garn i propellen, båten blei tatt av vinden og dreiv på land.

Mennene skal ha varsla ein kjenning som fekk tauet dei til fastlandet.

Naudetatane avsluttar på staden.

Artikkeltags