Trafikkulykke på Frekhaug

Dette melder politiet via nettstedet Twitter.

DEL

Tysdag kveld klokka 19:46 melder politiet om ei trafikkulykke ved Dalseidkrysset på Frekhaug i Meland kommune.

Politiet melder først at to biler skal vere involvert, dette retter dei seinare til at det var ein bil involvert.

Ein bil skal ha vore involvert, denne skal ha køyrt ut i grøfta. Det var tre personar i bilen, og to personer skal vere køyrt til legevakta med ukjent skadeomfang.

Det er ikkje mistanke om rus.

Artikkeltags