Trafikkulykke i Meland: Sklei ut av vegbanen

Det melder naudetatane fredag kveld.

DEL

Klokka 21.51 melder både Vest Politidistrikt og 110 Hordaland på nettsida Twitter om ei trafikkulykke ved Dalemarka, Frekhaug, i Meland kommune.

– Ein bil involvert, opplyser dei.

Operasjonsleiar ved operasjonssentralen, Frode Kolltveit, seier det skal vere ei dame involvert.

– Bilen skal ha sklidd ut av vegen, seier han.

Vidare opplys han om at ho skal ha vondt i handleddet.

– Det er ikkje tatt beslag av førarkort.

Etterforskar saka

Lensmann Kjell Idar Vangberg opplyser om at kvinna som blei sendt til Haukeland også skulle undersøkast for hodeskader.

– Vi mistenker at ho slo hovudet i frontruta, og knuste den. Vi har ikkje full oversikt over situasjonen slik han er nå, men vi etterforskar saka.

Artikkeltags