Oppdatert: Mann (22) har blitt funne

Politi og anna leitemannskap har i natt og i føremiddag leita etter den 22 år gamle mannen som forvann i berre badeshortsen.

Politi og anna leitemannskap har i natt og i føremiddag leita etter den 22 år gamle mannen som forvann i berre badeshortsen.

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Ein storstilt leiteaksjon er sett i gang i Meland etter at ein mann forsvann i løpet av natta – berre iført ein svart badeshorts.

DEL

Like før klokka 0200 natt til laurdag fekk politiet melding om ein mann som var sakna frå ein vennegjeng i Meland kommune. Då hadde han allereie vore vekke i over ein og ein halv time.

Mannen på 22 år skal sist ha blitt sett gåande langs Melandsvegen berre iført ein svart badebukse og tydeleg rusa, klokka 0300 i natt.

– Vi har tre ekvipasjar frå Norske Redningshunder, fem frå Raude Kors samt politiet og brannmannskap i området. Han er så langt ikkje funnet, seier operasjonsleiar i Politiet, Frode Kolltveit til BA like før klokka 0800.

Det er også brukt helikopter i søket.

Mannen skal høyre til i området og lokalkjent. Han skal også ha vore svært rusa då han forsvann.

– Vi ber folk kikke i hagar, grøfter og uthus, seier Kolltveit.

Politiet ønsker at alle som kan ha opplysningar om saka skal ta kontakt med politiet på telefonnummer 02800.

Politiet og leitemannskapa laga seg ein base på Melandsvegen, der dei koordinerte søka ut frå. Om lag klokka 10.20 fekk innsatsleiar Tom Johannessen ein beskjed om at den sakna mannen har blitt observert.



Fem minutt seinare kom den endelege beskjeden om at den unge mannen er bekrefta funne, i det han kom gåande langs vegen i nærleiken av der han først forvann.



Han skal ha lagt seg til å sove i ei ubebudd hytte og skal ikkje ha behov for helsehjelp slik politiet først melde om.

Artikkeltags