Tjuveri på Alverflaten

Politiet opplyser om at to påhengsmotorar har blitt stolen frå eit lagerrom på Galteråsen i Lindås kommune. 

DEL

– Tjuveriet har mest sannsynleg skjedd i løpet av natt til søndag 20. oktober, fortel lensmann Kjell Idar Vangberg.

Han fortel vidare at tjuvane kom seg inn ved å klippe hol i gjerdet rundt bygget, som ligg på Galteråsen, ved industrifeltet på Alverflaten i Lindås kommune.

Ønskjer tips

– Dei fekk med seg to motorar frå to båtar som låg der inne. Ein Honda 50 hk og ein Honda 60 hk.

Vangberg opplyser at dei etterforskar saka, og at dei er interessert i å prate med folk som kan ha opplysningar om kva som har hendt.

Kontakt Nordhordland lensmannskontor på 56 35 56 70 om du har tips til saka!

Artikkeltags