Det var stafettlaget til Nordhordland lensmannsdistrikt som vann med god margin laurdag morgon. I fleire tidlegare år har dei vunne løpet, men fjoråret var eit unntak.

– Då tapte vi mot «Jesu disiplar». Så det er godt å slå dei i år. Alle her er nøgd med det, seier Snorre Myklebust-Hansen til avisa.

Medan politibetjentane får pusten i seg etter siste etappe, kjem ein mann iført kjortel og parykk springande inn mot mållinja med namneskiltet «Markus» hengande rundt halsen.

Med det, stakk apostlane av med andreplassen.

Bestemde seg for å delta kvelda før

Johannes Knudsen var ein av stafettløparane som sprang for Jesus. Han fortel at baktanken med å delta har vore den same som ved tidlegare år.

– Det er vel litt for å løfte fram Jesus og vise at vi kristne også kan springe.

Laget fortel at dei samlast klokka ti over halv tolv fredag kveld og bestemde seg då for å delta i stafetten. Så byrja arbeidet med å samle saman alle utøvarane. Då måtte dei ringe rundt i tre timar til.

– Vi har hatt nokre lagkameratar som har vore i karantene eller skadde. Men eg trur ikkje dei får vere med neste gong, seier Knudsen, og held fram:

– Dei nye lagkameratane vi har med oss no er jo faktisk betre!

Helge Eidsnes er ein av årets nye lagkameratar. Han fortel at det var ein god løpetur.

– Korleis var reaksjonane på kostyma dykkas i løypa?

– Det er klart, vi fekk nokre reaksjonar i løypa. Det gjorde andre i kostyme også, men eg trur vi blei følgt med litt større auge enn andre då vi passerte.

Knudsen legg til at det på «mistenkeleg» vis også har vore fantastisk vêr kvar einaste gong disiplane har sprunge i Knarvikmila, og gestikulerer mot himmelen.

Stilte med «Team Mangfald» og «Team Sengetøy»

På startlinja møter avisa to tilsette ved Juvikstølen barnehage i Isdalstø; Anja Hvidsten og Caroline Bognøy.

Dei har på seg kostyme litt utanom det vanlege, og kanskje ikkje det mest praktiske for ein stafett. Barnehagen har nemleg valt å melde på to lag til stafetten – «Team Mangfald» og «Team Sengetøy».

Hvidsten har teipa på seg ein madrass som ho også har dekorert med teikningar og skrift, medan Bognøy er iført ein neongrøn kondomdrakt.

– Vi har vore med nokre tidlegare år også, og i år var det dette som blei tema vårt. Det viktigaste er at vi spreier humor og glede, seier Hvidsten.

Dei gav barnehagebarna ein god latter då dei viste fram draktene denne veka.

Men madrassar var nok ikkje det best antrekket for konkurransen. Begge laga til barnehagen kom på sisteplass.

– Det gjekk ikkje så bra. Men eg synest madrassen fortener ein hyllest, seier Hvidsten.