Politiet råder: Dette bør du gjere om du får ei slik e-post

DEL

På Twitter melder Vest politidistrikt at dei har fått ein del førespurnader frå folk som har mottatt utpressingsmail.

Mailen skal visstnok innehalde ein beskjed om at PC-en er hacka og at ein må betale ein sum av den digitale valutaen bitcoins.

– Våre råd er å ikkje betale, IKKJE opne vedlegg eller linkar.

Dei oppfordrar og folk som har fått ein slik mail om å bytte passord, og besøke nettsida nettvett.no for fleire råd.

Artikkeltags