Gjennom helga har både politiet, brannvesenet, Røde Kors og fleire frivillige leita etter 24 år gamle Nicolai Øvrås Espetvedt, som forsvann etter ei vasscooterulykke fredag ettermiddag.

– Vi har hatt båtar på vatnet gjennom helga, fram til klokka ni i går kveld, då det blei mørkt. Det har vore gjort både strandsøk og søk på vatnet, men det har ikkje vore noko funn, seier Kurt Inge Hordvik ved Nordhordland lensmannskontor.

Laurdag endra dei søket frå redningsaksjon til søk etter antatt omkomen person.

Måndag er ikkje nokon av naudetatane ute og søker, opplyser han.

– No driv vi med planlegging for søksstrategi, basert på den informasjonen vi har, seier han.

Krevjande omstende

Hordvik fortel at sjølv om det har fine omstende vêrmessig, er det likevel krevjande omstende for søket, grunna at fjorden er djup, og det er mykje straumar i vatnet.

– Det gjer det ikkje lett å gjennomføre.

Han seier politiet likevel har håp om å finne Espetvedt.

– Vi har håp, og vi søker vidare.

Dette er planen vidare

Politioverbetjent, Ole Kristoffer Tveiten, fortel at dei torsdag vil nytte ein ROV i søket etter Nicolai.

Dette vil dei gjere der ulykka fann stad, og i retning Salhus.

Frå fredag av skal dei igjen starte med overflatesøk.

– Dei som vil delta frivillig i overflatesøk på fredag kan møte opp ved Knarvik kai, og få tildelt søketeig av politiet, skriv Tveiten i ein e-post.

Han opplyser at tidsrommet for overflatesøk er fredag frå klokka 12 til 18, og laurdag frå klokka 9 til 18.

– Fram til fredag kan sjølvsagt den som vil søke etter Nicolai og få tildelt søketeig ved å ringe politiet.

Politiet har laga kart

Hordvik har laga eit kart med oversikt over områda politiet og frivillige har søkt så langt i vassoverflata. Den skygga sirkelen illustrerer område som er dekt og søkt gjennom.

– Den raude sirkelen viser stadane vi bereknar at vi kan finne vedkommande og han kan drive i land. Det tek utgangspunkt i forhold som vêr og straum, seier Hordvik.

Dette kartet kjem politiet og frivillige til å bruke i vidare søk.

– Frivillige får et utgangspunkt å bruke i søkinga. Men dette er ikkje ein eksakt vitskap og kartet er ikkje ein fasit, legg han til.

– Formidabel innsats

Måndag vart det oppretta ein Spleis for å samle inn pengar til ei undervassdrone dei frivillige kan nytte i søket etter Espetvedt. Etter berre få timar hadde dei samla inn meir enn dei hadde sett mål om, og undervassdrona er kjøpt inn.

– Alle som vil bidra, både under og over vatn er til hjelp, seier Hordvik.

Han legg til at det då er ønskeleg at det vert meldt inn til politiet når ein søker, slik at dei har oversikt over kva som er gjort av søk.

Pengane Spleisen får inn utover det som har gått til undervassdrona, ville initiativtakarane gi til familien. Etter familien sitt ønske, vil dei no bli gitt til Røde Kors.

Politiet takkar alle som har bidrege i søket for innsatsen.

– Det har blitt gjort ein formidabel innsats av Nordhordland brann og redning, Røde Kors, og alle dei frivillige, seier Hordvik.