Førre helg vart det stole fleire båtmotorar og andre gjenstandar frå ei rekkje naust i Sæbøvågen på Radøy.

Innbrota skjedde sannsynlegvis natt til laurdag 5. november, fekk avisa opplyst tidlegare denne veka.

No er to menn arresterte og sikta for å stå bak tjuveriet. Det melder politiet i Nordhordland fredag ettermiddag.

Det skal ha blitt gjennomført avhøyr med begge mennene, og politiet har fått ei tilståing i saka.

– Særs godt nøgde

I meldinga skriv politistasjonssjef Kjell-Idar Vangberg at politiet er inne i ei travel tid der mange oppgåver er fordelte på få tilsette.

– Difor er vi særs godt nøgde med at vi har klart å stogga desse tjuveria så tidleg, uttalar Vangberg.

Han rosar dei tilsette for eit glimrande taktisk og teknisk etterforskingsarbeid heilt ifrå åstadundersøkingane til ein no fekk signert avhøyra.

Dei stolne gjenstandane er funne og vil bli levert til rette eigar.