Gå til sidens hovedinnhold

Politiet frigjer namnet på mannen som omkom i Gulen-ulykka

Fredag 25. september vart ein mann funnen i sjøen etter tre timar med omfattande leiteaksjon i Gulen kommune.

Leiteaksjonen vart sett i gang etter at ein tom båt vart observert køyrande i ring i Gulafjorden.

Mannen vart umiddelbart frakta til Haukeland sjukehus med luftambulanse. Kort tid etter vart han erklært død.

No offentleggjer Vest politidistrikt namnet etter samtykke frå pårørande.

– Det var 41 år gamle Torbjørn Gjertsen som omkom, melder dei i ei pressemelding.

Les også

Privatpersonar fann mannen i sjøen

Les også

Mann omkom etter å ha hamna i sjøen i Gulen

Les også

Tom båt gjekk i ring i stor fart: Har gjort funn av person i sjøen etter stor leiteaksjon

Kommentarer til denne saken