Politiet frigir namnet på den omkomne i Gulen

Ei veke etter at den 90 år gamle mannen forsvann, frigir politiet namnet.

DEL

Onsdag 29. april vart ein 90 år gamal mann meldt sakna i Gulen. Dagen etter vart han antatt omkomen då politiet fann ein forlaten båt på sjøen.

Onsdag 6. mai bekreftar politiet at den omkomne mannen dei fann 2. mai, er same mann som forsvann førre veke.

Dei opplyser om at det var 90 år gamle Magnus Henrik Lundøy frå Bergen som vart funnen etter redningsaksjonen i Gulen.

Vest politidistrikt frigir namnet i samråd med dei pårørande, skriv dei i ei pressemelding.


Artikkeltags

Kommentarer til denne saken