I helga var det sterk nordavind og godt med bølger på sjøen. Så båtane fekk testa fortøyingane sine. Måndag fekk Nordhordland politistasjon inn melding om ein båt på rek i Alversund.

– Båten har kan hende slite seg i helga. No ligg den i Kvamsvågen. Me etterlyser eigaren, så me slepp å få mange meldingar på båten, og at han som har teke vare på båten sin får den att, seier politioverbetjent Kurt Inge Hordvik til NH.

Politiet håpar at sjømannen og fartøyet snarast finn saman att.

Dersom ein saknar den oppblåsbare båten, utan motor, kan ein kontakta politiet på telefon: 56 35 56 70.