– Det ligg i korta at dersom vi skal gjere dette over tid, så må vi ha hjelp av andre. Difor går det føre seg no samtalar og planlegging av korleis vi kan få hjelp av Forsvaret, seier stabssjef i Vest politidistrikt, Gustav Landro, til Nordhordland laurdag føremiddag.

Fredag ettermiddag sette politiet i verk tiltak rundt og på industriområdet på Mongstad. Avgjersla kjem etter fleire dagar med opptrapping av sikkerheitssituasjonen ved norske olje- og gassanlegg.

Opptrappinga tok til etter at det oppstod fleire lekkasjar frå gassleidningane Nord Stream 1 og 2 i Austersjøen, etter det som fleire nordiske statsleiarar mistenker at skuldast sabotasje.

Fredag stadfesta lokalt politi til Nordhordland at dei etterforskar ein droneobservasjon over forsyningsbasen på Mongstad, natt til fredag.

Seinare fredag stadfesta Landro til NH at politiet aukar sitt vakthald rundt Mongstad, og seinare melde Forsvaret at dei styrker sitt nærvær rundt norske olje- og gassanlegg, inkludert Mongstad.

Forsvaret er til stades med patruljar og styrkar på land, i lufta, på sjøen, under vatn og i cyberdomenet, ifølge ei pressemelding.

Har sendt «bistandsanmodning»

Laurdag seier Landro til NH at det er politivakt på anlegget på Mongstad, og dessutan på Kollsnes i Øygarden. Politiet har og ein auke i patruljar rundt andre anlegg. Han seier vidare at det kan kome endringar i vaktsituasjonen på Mongstad så tidleg som måndag eller tysdag.

– Handlar det då om ei opptrapping?

– Det handlar om at vi har sendt ei «bistandsanmodning» til Forsvaret som vi reknar med å få innvilga. Den går på at dei tar over den fysiske sikringa, seier han.

Han er klar på at politiet ikkje manglar ressursar som følge av vakthaldet no, men at det handlar om å frigjere ressursar til etterretning og sikre seg i tilfelle eit langvarig behov for vakthald.

– Dersom vi får hjelp så vil vakthald, sjølv over lang tid, ikkje gå nemneverdig utover andre prioriterte oppgåver, seier han.