Politiet ber folk respektere helligdagsfreden

Politiet har fått klagar om bråk på Kristi himmelfartsdag.

DEL

– Frå heile politidistriktet har vi fått inn meldingar om støyande arbeid i hagar og på gardsplassar, skriv Vest politidistrikt på Twitter.

Dei ber folk respektere lova om helgedagar og helligdagsfred, og om å ta omsyn til naboar og andre.

På helgedagar skal ein ikkje forstyrre andre med «utilbørleg larm» ifølge lova om helligdagsfred. På helligdagane gjeld dette frå 00-24, og på påske-, pinse- og julaftan gjeld det etter klokka 16.

Kristi himmelfartsdag er ein av dei norske helligdagane, og arbeid som kan forstyrre andre er difor ikkje lov i dag. Lova gjeld og for både første og andre pinsedag.

Fakta

Lov om helligdager og helligdagsfred

§ 3.

Helligdagsfred

På helligdag fra kl 00 til kl 24 samt påske-, pinse- og julaften etter kl 16 skal det være helligdagsfred som ingen noe sted må forstyrre med utilbørlig larm.

Ved kirke eller gudstjenestested er det mens helligdagsfreden varer ikke tillatt å forstyrre gudstjenesten med unødig larm eller arbeid eller annen forstyrrende virksomhet.

Kjelde: Lovdata.no

Artikkeltags