Gå til sidens hovedinnhold

Innbrot i ti naust

Artikkelen er over 5 år gammel

Politiet ber om tips etter innbrotsraid på Risøy i Lindås.

– I ettermiddag i 14-tida fekk vi inn melding om at det har vore innbrot i minst ti nasut på Risøy, seier operasjonsleiar Morten Kronen ved operasjonssentralen Hordaland.

LES OGSÅ: Tatt etter promillekøyring

– Totalt er det 30 naust der ute. Meldar som tok kontakt med oss fortalde at han har konstatert at det har vore folk i minst ti av dei. Det skal vera stole bensin og bensintankar, fortel Kronen.

– Politiet er interesserte i opplysningar dersom nokon har observert noko i det aktuelle området, seier han.

Innbrota vart oppdaga i 14-tida i dag, men det er enno uvisst når innbrota har skjedd.

LES OGSÅ: Kraftig smell i Isdalbakken

Grunna andre hendingar har politiet enno ikkje vore på staden.

– Vi har ein patrulje som skal ut der i kveld, seier Kronen.

Kommentarer til denne saken