Fann tjuvegods etter hytteinnbrot

Illustrasjonsfoto

Illustrasjonsfoto

Artikkelen er over 4 år gammel

Trur på oppklaring.

DEL

Politiet har funne att tjuvegods etter eit hytteinnbrot i Andvik i Masfjorden førre veke.

– Gjenstandane som er funne er gjenkjend til å stamma frå dette innbrotet. Vi har funne att tjuvegodset, og saka vert etterforska vidare, seier politibetjent Sveinung Mjanger.

– Vi reknar med å få oppklart denne saka, det ser lovande ut, seier han.

Politiet har fått melding om fleire innbrot i området, både i hytter og naust.

– Vi sjekker no opp om det kan vera fleire åstader i denne saka. Vi har fått meldingar om fleire tjuveri, om det er ein samanheng må vi finna ut av i den vidare etterforskinga, seier Mjanger.

Artikkeltags