UP stod klar i Eikangervåg - ti tatt for fart

DEL

Søndag kveld mellom klokka 19.30 og 22.30, utførte Utrykkingspolitiet laserkontroll i Eikangervåg i Lindås kommune. Nærmare bestemt stod dei i 70-sona i Sauvågen, der ti personar vart hanka inn grunna fartsoverskridingar.

Høgaste fart vart målt til 90 km/t. Dette vil seie at sjåføren må sjå seg nøydd til å betale 4700 kroner i forenkla førelegg.

Artikkeltags