Filmen spreier seg lynraskt på Facebook: – Eg trur du har blitt valdtatt!

TRAFF MÅLGRUPPA: Overgrepsmottaket i Østfold har laget en film i samarbeid med produksjonsselskapet Lucky View om Emilie som våkner opp etter en fest uten bukse. Filmen går nå som en farsott på Facebook.

TRAFF MÅLGRUPPA: Overgrepsmottaket i Østfold har laget en film i samarbeid med produksjonsselskapet Lucky View om Emilie som våkner opp etter en fest uten bukse. Filmen går nå som en farsott på Facebook. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Filmen om Emilie som vaknar opp etter ein fest utan klede på underkroppen, har blitt sett over 500.000 gonger på Facebook i løpet av eit halvt døgn.

DEL

Sarpsborg Arbeiderblad: Overgrepsmottaket i Østfold står bak filmen i samarbeid med produksjonsselskapet Lucky View.

– Vi la ut filmen klokka 14.00 torsdag på Facebooksida til mottaket. Den begynte å spreia seg umiddelbart og har allereie blitt delt 6.000 gonger, seier Ann Helen Lomsdalen som er dagleg leiar for Overgrepsmottaket i Østfold.

Det var status då SA skreiv saka ved 09.30-tida fredag, men berre i løpet av den tida det har tatt å skriva artikkelen har tala steget betrakteleg.

– Heilt overveldande

Sjølv blei ho sitjande heile torsdagskvelden og følga med på talet på delingar, likarklikk og kommentarar som strøyma inn.

Ved 21.00-tida i går kveld var filmen sett over 200.000 gonger – då ho sto opp fredag morgon var talet fordobla.

– Responsens er heilt overveldande. Eg fekk nesten ikkje sova i natt, seier Lomsdalen.

Fortvilte meldingar

Det er ingen tvil om at Overgrepsmottaket og Lucky View i samarbeid har knekt koden på korleis dei skal nå fram til den viktigaste målgruppa for filmen, dei unge menneska.

I den seks minutt lange filmsnutten følger vi Emilie via meldingar på snap og messenger. Ho vaknar opp dagen etter ein fest, er i dårleg form, hugsar lite frå kvelden før og er naken på underkroppen.

Her kan du sjå den populære videoen:

– 70–80 prosent av dei jentene som kjem inn til oss har opplevd noko liknande som Emilie. Jenter som har blitt for fulle, sovna og som vaknar opp dagen etter og er veldig usikre på kva som har skjedd, seier Lomsdalen.

– Fortel det vi ser

Mørketala rundt seksuelle overgrep er høge. Håpet er at videoen skal bevisstgjera unge jenter og gutar på kor grensa går. Og at det er viktig å søka hjelp ved eit overgrepsmottak dersom man veit – eller trur man har – blitt utsett for eit overgrep.

– Vårt bodskap er å fortelja kva vi ser. Dei siste fire dagane har vi hatt tre jenter inne som fortel om akkurat det jenta i filmen opplever, seier ho.

Landet rundt

Landet rundt skal spegla dei beste artiklane frå dei andre Amedia-avisene i Norge. Avisa Nordhordland legg ut fleire saker for å gje våre lesarar eit innblikk i nyheiter, hendingar og kuriøse saker frå Landet rundt. Derfor finn du kanskje ei sak frå Tromsø, Gjøvik eller Fredrikstad på nordhordland.no.

HOLDNINGER: Ann Helen Lomsdalen, daglig leder av Overgrepsmottaket i Østfold, mener det er riktig å fokusere på holdninger og informasjon om følgene i et forsøk på å forebygge seksuelle overgrep under Gatebil.

HOLDNINGER: Ann Helen Lomsdalen, daglig leder av Overgrepsmottaket i Østfold, mener det er riktig å fokusere på holdninger og informasjon om følgene i et forsøk på å forebygge seksuelle overgrep under Gatebil. Foto:

– Er det ei jente eller ein gut som ser videoen og som har opplevd det same, så ta kontakt med oss. Ikkje nødvendigvis for å melda saka, men for å snakke med nokon om det du har opplevd.

Fylla har ikkje skulda

Og til dei som ser filmen og tenker at begge ungdommane var fulle og at dei sikkert var med på det begge, har Lomsdalen eit viktig bodskap:

– Ingen skal ha sex med ein person som er så rusa at ho eller han ikkje kan ta vare på seg sjølv. Det hjelper heller ikkje å unnskylda overgriparen – i dette tilfelle guten – om at han var full. For hadde han vore så full, hadde han heller ikkje vore i stand til å ha sex, seier ho.

Voldtektsmottak

Bur du i Nordhordland og er utsett for eit overgrep, ligg voldtektsmottaket i Bergen.

Telefon: 55559950
Besøksadresse: Solheimsgaten 9
 
Det er ope heile døgnet, alle dagar.

Filmen blei elles laga i forbindelse med Overgrepsmottaket i Østfold sitt 10-årsjubileum som blei markert på Sykehuset Østfold tidlegare i år.

– Det er hyggeleg at filmen frå mottaket vårt vert spreidd over hele landet. Det bidrar også til å gjera overgrepsmottak – og tilbodet som give der – i andre deler av landet meir kjent, seier Ann Helen Lomsdalen.

Artikkeltags