To personbilar hamna i grøfta i morgontimane

Ein mann i midten av 30-åra vart sendt til Haukeland Universitetssjukehus for sjekk etter denne utforkøyringa på Toskavegen. Ulykka skjedde i morgontimane torsdag.

Ein mann i midten av 30-åra vart sendt til Haukeland Universitetssjukehus for sjekk etter denne utforkøyringa på Toskavegen. Ulykka skjedde i morgontimane torsdag. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Det var svært glatte forhold i Nordhordland torsdag.

DEL

I løpet av morgontimane torsdag fekk politiet inn meldingar om to bilar som hadde køyrd av vegen, høgst sannsynleg skulda det glatte føret.

Den første meldinga kom klokka 07.30, angåande ein personbil som låg utfor Toskavegen på Radøy opplyser Nordhordland lensmannskontor.

– Det blir meldt om svært glatte forhold på staden, og bilen har høgst sannsynleg sklidd av vegen. Sjåføren kom frå hendinga utan skadar, og det er ikkje mistanke om promillekøyring, seier lensmann Kjell-Idar Wangberg.

Den andre meldinga tikka inn klokka 07.56. I det tilfellet stod bilen utfor fylkesveg 57, ved Lauvås i retning Mongstad.

– Den forulykka var ein mann i midten av 30-åra. Han var bevisst og snakka med politiet. Me er litt usikre på allmenntilstanden hans, og etter konsultasjon hjå legekontoret i Knarvik vart han send vidare til Haukeland for sjekk. Det er usikkert kvifor han havna i grøfta, men det foreligg ikkje mistanke ruskøyring her heller, seier Wangberg.

Artikkeltags