Krasja rett i gjerde

Føraren slapp frå ulykka utan skader.

DEL

(BA) Naudetatane rykka laurdag kveld ut til ei trafikkulykke ved Ikenberget i Alversund.

Ein bil hadde køyrt rett inn i et gjerde, som blei skadd som følge av påkøyrselen.

Den mannlege sjåføren stod fram som uskadd etter hendinga.

– Ulykkesårsaka er foreløpig ukjent. Det er ikkje mistanke om promillekøyring, seier operasjonsleiar Hans-Eirik Thue i Vest politidistrikt.

Til veka skal politiet i Nordhordland vurdera om det blir oppretta sak på forholdet.

Det har vore svært glatte vegar i Nordhordland, laurdag. Vegtrafikksentralen har vorte ringt ned av fortvila bilistar.

– Det har vore eit vêromslag, så vi antar at regnbyene har vaska bort saltet. No blir det ein kamp for strøbilane å rekka over alt, seier trafikkoperatør Ronny Sleire ved Vegtrafikksentralen.

Ringes ned

Han fortel at det lyste raudt på telefonen, fordi bilistar ringde inn og varsla om glatte vegar.

Spesielt mange meldingar kom det frå Nordhordland, Åsane, Osterøy og E16 frå Trengereid mot Voss.

– Vår oppfordring er at folk må tilpassa farten etter forholda. Er det ekstremt glatt, så må folk vurdera om dei bør køyra i det heile tatt før strøbilane har vore der, fortel Sleire.

Store mannskap vart sett i sving, men Vegtrafikksentralen fortel at det vil ta noko tid før alle vegane er salta på nytt.

– Vi gjer alt vi kan, så det har ikkje så mykje hensikt om folk ringer oss og fortel om glatte vegar no, fortel trafikkoperatøren klokka 1923.

Store lokale forskjellar

Meteorologisk institutt opplyser at det vil bli verande fare for glatte vegar i Hordaland utover kvelden og natta.

– Temperaturen skal falla utover kvelden. Litt inn frå kysten, så vil temperaturen ligga rundt null, så det er absolutt fare for glatte vegar, seier statsmeteorolog Terje Alsvik Walløe.

Ved 1930-tida var det null grader på Voss og Evanger, mens temperaturen var cirka fire grader i bergensområdet.

– Temperaturane vil søkke utover natta. I tillegg kan det frysa på vegane sjølv om det er plussgrader i lufta, understrekar han.

Det skal regna ein del natt til søndag, men mot slutten av helga blir det opphaldsvêr og «fare for» sol i Bergen.

Artikkeltags