Tilliten til politiet er svekt

Av

I fjor sa 77 prosent av befolkninga at dei har svært eller ganske stor tillit til politiet – ein nedgang på seks prosentpoeng frå 2017, ifølgje ei undersøking.

DEL

Undersøkinga er utført av Kantar TNS, på bestilling frå politiet.

– Det kan vere fleire grunnar til tilbakegangen. Parallelt med gjennomføringa av politireforma har verda og kriminaliteten endra seg. Politiet har fått fleire og meir komplekse og arbeidskrevjande oppgåver, og leverer ikkje gode nok resultat, fastslår politiet.

I undersøkinga kjem det fram at det er eit gap mellom bekymringa over datakriminalitet og inntrykket av evna politiet har til å handtere slike saker.

Seks av ti nordmenn svarar at dei meiner politiet tek seg av trafikkrelaterte hendingar på ein god måte, mens berre tre av ti har tiltru til evna politiet har til å handtere saker som seksuelle overgrep, krenkingar og internettbedrageri.

Berre to av ti meiner måten politiet handterer trakassering og mobbing på nettet på, er god.

– Den teknologiske utviklinga går raskt, kriminaliteten blir meir kompleks, vanskelegare å oppdage og meir utfordrande å etterforske. Politiet ser at vi må bli betre på å førebyggje og etterforske kriminalitet som skjer på nett, seier konstituert politidirektør Håkon Skulstad.

Artikkeltags