Politiet måtte rykka ut til mann som sprang etter bilar med hammar i handa

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

(BA) Det melder politiet like før klokka 22.30 måndag kveld.

Hendinga skjedde i Alversund i Lindås der politiet altså har fått melding om ein person som sprang etter bilar på ein parkeringsplass.

– Mogleg med ein hammar, skriv politiet på Twitter.

Det skal også vere ein annan, aggressiv person på staden.

Fleire politipatruljar rykte ut.

Like før klokka 23.00 fortel operasjonsleiar Vibeke Næss at politiet har kontroll på ein av dei to og forsøker å få kontakt med den andre.

Det er snakk om personar som politiet kjenner godt frå før.

– Vi er framleis på staden og undersøker nøyaktig kva som har skjedd, seier Næss, og understrekar at meldarane opplevde situasjonen som skremmande og at politiet tar hendinga på alvor.

Artikkeltags