Full mann trua drosjesjåføren

DEL

Natt til søndag måtte ein drosje ringa etter hjelp etter at han hadde plukka opp to personar som skulle i retning Mongstad.

– Ein av dei to, ein mann i 30-åra, var utagerande og kom med trugsmål mot sjåføren, seier etterforskingsleiar ved Nordhordland lensmannskontor, Glenn Ulrik Våge, til avisa Nordhordland.

Politiet rykka ikkje ut til hendinga, men har i ettertid vore i kontakt med dei som var i drosja.

– Den eine parten må rekna med å møta til avhøyr om ikkje så lenge, seier Våge.

Artikkeltags