Det haglar med sextrusselmailar

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Politi landet over har blitt kontakta av bekymra personar som vert trua med at avsendaren skal publisera pikante bilde av dei om dei ikkje overfører pengar.

DEL

Det skriv NRK.

I Vest politidistrikt har dei fått inn fem meldingar, Oslo har fått åtte, to i Møre og Romsdal og «over ti» i Sør-Øst og i Nordland.

I tillegg har Troms politidistrikt bedt mellom fem og ti personar om å slette og gløyme e-postane.

– Det kan virka som om nokon har sendt ei rekke e-postar til norske brukarar i løpet av natta og i morgontimane søndag, seier kommunikasjonsrådgivar Jonas Fabritius Christoffersen i Kripos til NRK.

I e-postane står det at avsendaren sit på video av mottakaren som ser på pornografisk materiale. Videoen skal dei ha fått tak i etter å ha hacka kameraet på maskina. Mottakaren vert så trua med at avsendar skal publisera videoen på nettet om ikkje mottakaren overfører pengar.

«Vi er klar over dine små og store løyndommar... ja, du har dei. Vi såg og registrerte dine rangel på porno nettstader», kan det lesast av ein skjermdump NRK har fått av ein e-post.

Christoffersen seier til statskanalen at det i dette tilfellet er snakk om svindel og oppfordrar mottakarar til å sletta e-posten og gløyma det hele.

Vidare seier han at det kan vera lurt å forsterka tryggleiken på sin e-postkonto ved å for eksempel aktivera tostegsinnlogging, noko som vil gjera at man får eit varsel dersom nokon andre loggar seg inn.

Artikkeltags