Eigaren av båten har meldt seg, men kven eig motoren?

Båten er levert attende til eigaren, men politiet leitar mellom anna etter eigaren til denne motoren som er festa på båten.

Båten er levert attende til eigaren, men politiet leitar mellom anna etter eigaren til denne motoren som er festa på båten. Foto:

DEL

Måndag morgon rykka politiet ut etter melding om ein person i ein båt med litt merkjeleg oppførsel i området mellom Flatøy og Garveriet.

Etter å ha fått bistand frå brannbåten til Nordhordland brannvern klarte ein å få mann og båt til land. Mannen om bord var mistenkt for å ha stole båten, men politiet visste ikkje kor båten er stolen frå.

Etter at avisa Nordhordland hadde skrive om saka melde båtens eigar seg for politiet. Det viste seg at båten var stolen frå Gjervik.

Men motoren som var på båten, hadde ikkje noko med båten å gjera.

– Så me reknar med den er stolen frå ein annan plass, truleg i same området, seier lensmann ved Nordhordland lensmannsdistrikt, Kjell Idar Vangberg, til avisa Nordhordland.

Det var og andre ting om bord i båten, mellom anna verktøy, som politiet leitar etter eigaren til.

– Difor ber me no folk om å sjekka nausta sine for å sjå om det er ting som er vekke, seier Vangberg.

Er det din motor på biletet, eller er det anna som er vekke frå naustet ditt? Då kan du kontakta Nordhordland lensmannsdistrikt på telefon 56 35 56 70.

Artikkeltags