Like over klokka 23.00, laurdag kveld, forsøkte tjvuvar å bryta seg inn i Eikanger hagesenter

Personen eller personane klypte seg gjennom eit nettinggjerde, saga deretter eit hol i ein vegg for å ta seg inn i lokalet.

Då dagleg leiar på hagesenteret, Ranveig Valle Eknes, fekk telefon frå alarmsentralen, køyrde ho til butikken med det same. Då ho kom fram, var ingen der.

– Det er heilt tydeleg at alarmen verka avskrekkande, for då alarmen gjekk, stakk vedkomande av. Det er bra at alarmen hadde ein forebyggande effekt, seier Eknes til Avisa Nordhordland.

Etterlyser grå bil

Politiet rykte og ut til staden, men ingen er tatt så langt.

– Det er observert ein liten, grå bil som kan ha noko med saka å gjera. Er det nokon som har tips om den, vil politiet gjerne ha det, sa operasjonsleiar Lars Geitle ved Vest politidistrikt til Avisa Nordhordland søndag.

Dagleg leiar, Ranveig Valle Eknes, legg ikkje skjul på at det var ei ekkel oppleving.

– Det var ubehageleg, eg lurer på kva dei eigentleg var ute etter. Som regel er det vel penger, seier ho.

Men viss det er penger tjuvane ville ha tak i, hadde dei vorte skuffa om dei kom seg inn.

– Hjå oss er det ingenting å hente; vi har ikkje penger liggande - her står det berre julepynt, seier ho.

– Mange år siden sist

Eknes seier ho er glad for at tjuvane ikkje hadde gjort meir skade.

– Dei har ikkje tatt noko, og heldigvis er det ikkje snakk om store skader, legg ho til.

Leiaren fortel at det er 12-13 år sidan sist noko liknande har skjedd.

– Mange butikker og bedrifter opplever dette i ny og ne, men eg er glad dette sjeldan skjer hjå oss - så vi er heldige, seier Eknes.

Avisa Nordhordland har vore i kontakt med lensmann ved Nordhordland lensmannskontor Kjell Idar Vangberg måndag ettermiddag. Han hadde då ikkje nye opplysningar i saka.