Nortura politimelder leverandør etter TV-dokumentar

I ei pressemelding opplyser Nortura at dei ser alvorleg på det dei beskriv som «uakseptable brudd på dyrevelferdsloven».

I ei pressemelding opplyser Nortura at dei ser alvorleg på det dei beskriv som «uakseptable brudd på dyrevelferdsloven». Foto:

Av
DEL

Ein dokumentar om svineprodusentar som blir sendt på NRK onsdag kveld har skapt reaksjonar. No melder Nortura ein av leverandørane sine.

I dokumentaren på NRK Brennpunkt blir det vist opptak gjort med skjult kamera over ein periode på fem år. Han skal avdekke alvorlege døme på handtering, kastrering og avliving av norsk gris.

I ei pressemelding opplyser Nortura at dei ser alvorleg på det dei beskriv som «uakseptable brudd på dyrevelferdsloven».

Svinebonden som er meldt er leverandør til Nortura og involvert i ein episode som gjeld kastrering av gris utan bruk av bedøving.

– Å melde frå til Mattilsynet er den vanlege rutinen hos oss. Det er dei som sit på kompetansen til å sjekke opp i slike saker. I dette tilfellet er det eit direkte lovbrot. Alvorsgraden her gjorde at vi valde å melde dette til politiet saman med produsenten sjølv, seier styreleiar Trine Hasvang Vaag i Nortura til Nationen.

Første gongen

Bonden vil ikkje få levere slaktegris til Nortura medan saka blir etterforska av politiet.

– Eg er bonde sjølv, og det filmen viser går imot alt eg står for. Det er vondt å vite at slikt dyrehald finst hos nokre kollegaer, sjølv om det er få. Det er heilt uakseptabelt for forbrukarane, for landbruket og ikkje minst for dyra sjølv, seier Vaag vidare.

Det er første gongen at Nortura har politimeldt ein av produsentane sine.

Til Dagbladet seier administrerande direktør Karina Kaupang i Mattilsynet at dokumentaren viser klare lovbrot.

– Ein ser òg haldningar til dyr som ikkje er akseptable, og dessverre så liknar dette på forhold vi sjølv har avdekt på tilsyn, seier ho.

– Overraskande

Organisasjonssjef for Norsk Bondelag Rogaland, Olav Sande, seier til avisa at filmen ikkje viser eit heilskapleg bilde av norsk griseproduksjon.

– Han blir utført etter gjeldande reglar, seier han.

Kommunikasjonssjef Lise Boeck Jakobsen i Norsk Bondelag sentralt seier at fleire av scenene i dokumentaren kjem overraskande på dei.

– Dei skjulte opptaka er avslutta i 2016. Før det og i ettertid er det jobba mykje med dyrevelferd i næringa, seier ho.

Jakobsen strekar samtidig under at det som blir vist i dokumentaren er uakseptable handlingar og at Bondelaget ikkje kan støtte bønder som har slike forhold.

Det er det prislønte filmselskapet Piraya Film som har laga dokumentaren.

(©NPK)

Artikkeltags