Mann vart banka opp av fleire andre i sin eigen heim i natt

DEL

Politiet jaktar fleire gjerningsmenn etter at ein mann vart banka opp i sin eigen heim på Frekhaug i natt.

– Ein person er utsett for slag og spark i heimen sin, stadfestar fungerande lensmann Ivar Holmaas til avisa Nordhordland.

Han seier det er fleire mistenkte i saka, men at dei ikkje har arrestert nokre gjerningspersonar.

Nøyaktig kva som har skjedd jobbar politiet med å finna ut av no.

– Det me veit er at det har starta i Åsane og så har det flytta seg til Frekhaug, seier Holmaas.

Etter det avisa Nordhordland kjenner til vert dette etterforska som to ulike hendingar, ei i Åsane og ei på Frekhaug. Men kor mange personar som er involvert på begge sider eller motivet er førebels ikkje klart.

Mellom det politiet ser på er om det som skjedde på Frekhaug er hemn for det som først skjedde i Åsane.

Politiet har vore på staden og saka er under etterforsking.

Status til fornærma i saka er førebels ikkje kjend.

Politiet i Bergen varslar ei pressemelding med oppdatert status seinare, onsdag.

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags