Bilbrann ved Lavik: Ein person fastklemd

ULYKKE: Ein person sat fastklemd då bilen begynte å brenne. Kva som er årsaka til ulykka er førebels ukjent.

ULYKKE: Ein person sat fastklemd då bilen begynte å brenne. Kva som er årsaka til ulykka er førebels ukjent. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Brannen er sløkt, men politiet jobbar med å få laus ein person som sit fastklemd etter ulykka.

DEL

Ein bil har tatt fyr ca. 4 km frå Lavik mot Hyllestad på fv. 607, mellom Ytre og Indre Hellebø.

Det melde Helse Førde AMK like før klokka 11.00 onsdag. Dei melder vidare at dei antar at det er ein person i bilen.

Ambulanse og luftambulanse var då på veg til staden.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 10.45.

Bilen låg på sida.

– Bilen skal ligge på sida og ein person er fastklemd, melde Vest politidistrikt like etter klokka 11.00.

Like etter kom det melding om at brannen var sløkt, men at personen framleis var fastklemd. Denne skal ikkje vere brannskadd.

– Brannvesenet prøver å få personen laus, melde politiet då.

Ute av bilen

Kva som er årsaka til ulykka er førebels ukjent. Helsepersonell er også komen fram.

Brannvesenet har sikra staden ved å skumlegge den. Klokka 11.20 melder Frode Korneliussen på Alarmsentralen at personen som sat fastklemd i bilen no er ute.

Det skal vere snakka om ei singelulykke. Vegen var heilt stengd i rundt ein time etter ulykka. Klokka 12.00 var det køar på rundt 10-15 bilar på kvar side av ulykkesstaden, men politiet byrja då med manuell dirigering.

Vegen der ulykka har skjedd er smal.

– Personen som sat i bilen er ei kvinne i 70-åra. Ho er tatt hand om av helsepersonell og køyrd vekk i ambulanse. Ho skal vere medviten og mindre skadd, opplyser operasjonsleiar Stein Rune Helleraker i Vest politidistrikt.

Ulykkesgruppa til Statens vegvesen er kalla ut. Politiet blir også igjen på staden for åstadsundersøking.

Artikkeltags