Trur dei veit kor båten gjekk ned

Jan Rydheim har vore sakna sidan i førre veka. Politiet trur dei veit kor båten gjekk ned og har måndag konsentrert søket i det området.

Jan Rydheim har vore sakna sidan i førre veka. Politiet trur dei veit kor båten gjekk ned og har måndag konsentrert søket i det området.

Av

Politiet trur ein sakna fritidsbåt har gått på et skjær mellom Fedjefjorden og Fensfjorden og starta måndag morgon undervannssøk i området.

DEL

Redningsaksjonen etter ein 56 år gammal mann som var om bord i båten, vart avslutta søndag.

Søksområdet ligg i Austrheim kommune i Hordaland, og lensmann i Nordhordland, Kjell Idar Vangberg, var måndag på veg ut til det aktuelle området.

– Vi har peila inn et område kor vi trur at båten kan ha gått på et skjær. I det området vil vi no sjekka vatnet og sjå kva vi kan finna, og om vi klarer å lokalisera båten, seier han til NTB.

Det er to båtar som skal samarbeida om undervannssøket, og måndag formiddag var det fint vær i området.

Artikkeltags