Desse vegane skal UP kontrollere ekstra nøye

UP-sjef på Vestlandet, Terje Oksnes.

UP-sjef på Vestlandet, Terje Oksnes. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Både uniformert og sivilt politi skal sørge for at fartssyndarane blir tatt i sommar.

DEL

(Nettavisen:) Tidleg i år varsla Utrykkingspolitiet (UP) at dei i 2018 skal ha fleire fartskontrollar enn dei vanlegvis utfører. Målet er å ta fartssyndarane.

Som eit grep for å gjere noko med den dystre statistikken over tal trafikkdrepne i sommarmånadane, varslar UP at dei i sommar kjem til å ha hyppige kontrollar over heile landet. 

Sjå kva for strekningar det er snakk om på Vestlandet lenger nede i artikkelen.

Ifølge UP-sjef Runar Karlsen er fart, rus, kontroll av køkultur, samt mobilbruk det dei no skal slå hardt ned på.

– Sommarmånadane er ei tid der det dessverre er fleire ulykker enn elles på året. Talet på drepne i trafikken i juni var 12, og det er det høgste talet hittil i år, seier Karlsen til Nettavisen.

– Ikkje så hemmeleg

I samråd med Statens vegvesen og lokalt politi over heile landet har UP peikt seg ut strekningar som skal prioriterast i sommar. 

– Dette er strekningar som vi ser at det er smart å overvake, og vegar der det blir køyrd fort og skjer mange ulykker. Det er snakk om hovudvegar i Noreg, så det er ikkje meir hemmeleg enn det, seier UP-sjefen om kvifor dei vel å gå ut med kva for strekningar dei skal kontrollere ekstra i sommar.

Vidare fortel han at dei nyttar seg av både uniformert og sivilt politi i arbeidet.

– På fart bruker vi både gjennomsnitts- og augneblinksmålingar. Og på rus bruker vi den tradisjonelle som du blåser i, samt spyttprøver for å ta dei som køyrer påverka av narkotika eller medikament. I tillegg har vi kikkert for å ta dei som bruker mobil medan dei køyrer. Så vi har fleire ulike metodar.

Vest politidistrikt:

E39 Halhjem FK–Nygårdstangen (Bergen)

E39 Tellevikkrst–Romarheim bru

rv. 555 Florida (Bergen) E 39–Eide

E16 Borlaug–Hordaland grense

E16 Hordaland grense / Jordalselva–Voss vest

E16 Voss–Trengereid Rv 7

fv. 57 Knarvik krysset ved EV39–Leirvåg ferjekai

E39 Lavik–Nordfjordeid

fv. 15 Oppland grense–Måløy

Artikkeltags