Sprengingsuhell førte til stor lyngbrann – måtte to helikopter til for å sløkke den

Svidd av mykje lyng: Det brenn framleis, men helikopterea som har jobba på staden har fått sløkt mykje.

Svidd av mykje lyng: Det brenn framleis, men helikopterea som har jobba på staden har fått sløkt mykje. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

GULEN: Eit sprengingsuhell øydela høgspentmasta. Den datt ned og førte til brann tre ulike stader i terrenget. Etter fleire timars arbeid med helikopter og mannskap på bakken var brannen under kontroll torsdag kveld.

DEL

(Firda) SISTE: Politiet melder klokka 20. 30 at brannen er sløkt.

– Det var eit sprengingsuhell som var årsaka til brannen. Politiet opprettar sak, melder Vest politidistrikt.

BBK melde tidleg om straumstans og brann.

– Det har vore eit sprengingsuhell, som har øydelagt ei høgspentmast. Kraftlinja har falle i bakken. Det begynte også å brenne i lyngen som følge av dette, og brannvernet er på plassen, seier kommunikasjonsrådgjevar Anne Mette Tuvin i BKK.

Førte til brann

– Det brenn voldsomt i området no, seier vaktkommandør i 110 Hordaland, Ronald Drotningsvik rundt klokka 18 torsdag kveld.

Brannen har starta på tre ulike stader, det bles godt i området, og brannen spreiar seg raskt.

– Den eine brannen har vi fått kontroll på. Dei to andre, som har starta med om lag ein kilometer avstand, er det ikkje kontroll på. Men to skogbrannhelikopter er no sendt til staden. Saman med mannskap på bakken er det effektivt, og vi håpar å få kontroll, seier Drotningsvik.

Brannhelikoptera vil sleppe ned vatn, og bakkemannskap vil gå etter i terrenget og sløkke.

Hytte kan vere i fare

– Så langt er det ikkje fare for at brannen skal nå fram til hus eller hytter. Men det ligg ei hytte som kan komme i fare dersom vi ikkje klarar å få kontroll på brannen og den held fram i same retning som no, seier Drontningsvik.

Vinden i området er sterkt, og det gjer sløkkearbeidet vanskeleg.

Mange framleis utan straum

Anne Mette Tuvin i BKK seier at det klokka halv seks var 180 kundar som var utan straum. I utgangspunktet var det over 400 husstandar som var ute, men BKK har kopla om slik at mange av dei no har fått straumen tilbake.

– Vi veit framleis ikkje når dei siste kundane kan få straumen tilbake. Men vi reknar med at det skjer i løpet av kvelden, seier Tuvin.

Ho viser til heimesida til BKK, der det går av å følge med på eit kart for å sjå kor mange, og kva husstandar som framleis manglar straum.

– Eg veit ikkje kven som har sprengt i området. Men vi har folk på staden, og så snart brannvernet er ferdig med sitt arbeid vil vi starte med å bygge opp att linja, seier Tuvin.

Ettersom brannen har spreidd seg kan det ta noko lenger tid enn ført antatt å få begynt arbeidet med å få straumen tilbake.

Artikkeltags