Slåstkjempe måtte overnatta i fyllearresten

DEL

Natt til søndag rykka politiet ut til ein fest i Knarvikområdet etter at dei hadde fått melding om ein mann som hadde vore aggressiv og mellom slått til ein annan festdeltakar.

Han hadde roa seg monaleg og låg og sov då politiet kom fram til staden.

– Han vart tatt med til arresten i Bergen. Då han vart edru fekk han presentert eit førelegg som han har erkjent, seier etterforskingsleiar ved Nordhordland lensmannskontor, Glenn Ulrik Våge, til avisa Nordhordland.

Artikkeltags