Leitar etter eigaren til ein stolen båt

Politiet leitar etter eigaren til denne båten.

Politiet leitar etter eigaren til denne båten. Foto:

DEL

Måndag morgon rykka politiet ut etter melding om ein person i ein båt med litt merkjeleg oppførsel i området mellom Flatøy og Garveriet.

Etter å ha fått bistand frå brannbåten til Nordhordland brannvern klarte ein å få mann og båt til land. Mannen om bord er mistenkt for å ha stole båten, men politiet veit ikkje kor båten er stolen frå.

Båtføraren vart tatt med til Bergen.

Er det din båt på biletet kan du kontakta Nordhordland lensmannsdistrikt på telefon 56 35 56 70.

Artikkeltags